Arkiv

Siste nytt








Dugnad i fjæra og på naustet 3. mai

lagt inn 13:01 16. mai 2012 av Lars-Bjarte Osland

Den 3 mai var det dugnad på naustet. Samtidig deltok klubben i www.ryddenstrand.no  Vi fikk også besøk av Firda Tidend som laget en reportasje i avisen.
 
Den ene naustveggen ble beistet, og gulv i naustet ble påbegynt. Vi fikk ryddet hele fjæra for glassskår, tang, armeringsstål og mye annet artig. Nå blir det litt triveligere å gå ut fra naustet med kajakk. Vi avsluttet en trivelig kveld med bål og grilling.
 
Følgende var med på dugnad; Jarle, Kjell Elfinn, Rolf , Arne Høyland og Else Margrethe
 
Trykk på bildet for flere bilder!

Bilete frå foredraget med Erik B Jørgensen

lagt inn 12:56 16. mai 2012 av Lars-Bjarte Osland

11. februar var det foredrag med langdistansepadlaren Erik B Jørgensen frå Danmark. Han har padla omtrent heile skandinavia hadde mange erfaringar å dele med oss. Til tross for spennande foredrag og stands i Trivselshagen med padeklubben og klatreklubben, så var det få lokale tilskodarar som dukka opp. De som ikkje kunne komme kan i alle fall få sjå bileta frå arrangementet, og tenke at" neste gong må eg få meg med dette her!"
 
Det er bra om folk kommenterar på facebook, forslag til andre foredragsholdarar eller arrangement! Trykk på biletet, så får du sjå fleire bilete frå arrangementet!

Nye kurs

lagt inn 12:53 7. mai 2012 av Lars-Bjarte Osland

No har vi planlagt kursa våre for våren og sommaren. Vi har planlagt introkurs, grunnkurs og teknikkurs, og det første grunnkurset er allereie no til helga, så det er berre å hive seg rundt! Du kan lese meir om kursa våre her: Kurs 2012

Dugnad på naustet og i stranda torsdag 3. mai klokka 17.30

lagt inn 00:32 2. mai 2012 av Lars-Bjarte Osland

3. mai vert det dugnad! Vi er med i aksjonen rydd ei strand, og tenkte derfor at vi ryddar i stranda ved naustet vårt ved Statoil. Dette er ei strand som mange brukar og her ligg masse søppel som kan vere farleg for badegjestar og padlebein!. Ta med hanskar, rive og liknande og still på! Det vert og dugnad på naustet, og leiaren tek med seg grillen slik at vi kan grille litt i lag! Dette vert kjekt og sosialt!!!
Sjå denne nettsida for omtale av prosjektet "rydd ei strand" http://ryddenstrand.no/

Padlekalendaren er snart ferdig!

lagt inn 09:35 26. mars 2012 av Lars-Bjarte Osland

Vi held på med siste hand på verket på padlekalendaren. Når den er ferdig vert den sendt ut til alle medlemar saman med medlemskontigenten for 2012. Snart i ei postkasse nær deg!

Bli med å bestemme aktivitane for kommande sesong!

lagt inn 06:58 5. mars 2012 av Lars-Bjarte Osland

No er det like før vi lagar ny aktivitetskalendar og vi treng innspel frå deg! Send gjerne idear eller ynskjer til bjartis@hotmail.com , eller skriv det i kommentarfeltet på facebook sida vår!

Årsmøte tysdag 14. februar klokka 19.00

lagt inn 13:32 13. feb. 2012 av Lars-Bjarte Osland   [ oppdatert 13:39 13. feb. 2012 ]

Minner om årsmøtet i morgon tysdag 14. februar.  Alle er hjarteleg velkomne, og valnemnda er ferdige med sin jobb, så det er ikkje noko fare for å bli valgt inn i noko styre!!!!
 
Gloppen Ungdomsskule
14. februar 2011 kl 19.00
Etter årsmøte vert det enkel servering. Vi vil vise bilete frå 2011 og orientere om planlagde aktiviteter komande sesong . Det vert også høve til å kjøpe t-skjorter.
... Saker:
1. Val av ordstyrar
2. Godkjenning av dei som har stemmerett
3. Godkjenning av innkalling, sakliste og møtereglar
4. Val av referent og to representantar til å skrive under protokollen
5. Årsmelding
6. Rekneskap for 2011
7. Fastsetje medlemskontingent for 2012
8. Budsjett for 2012
9. Val:
a. Leiar
b. Nestleiar
c. Styremedlemar
d. Varamedlem
e. Revisorar
f. Valkomite
Styret

Klubbkveld på hotellet

lagt inn 13:12 3. jan. 2012 av Lars-Bjarte Osland

Søndag 8. januar er det på nytt klubbkveld på hotellet. Kom og treff andre i klubben og drøm deg bort med litt kaffi og prat om "der skulle vi ha vore og padla gitt!" Hotellet klokka 1930- 2130!

Damekveld i bassenget.

lagt inn 13:02 3. jan. 2012 av Lars-Bjarte Osland

Det var tre stykker på damepadling 15 desmber, like før jul. Triveleg kveld med egenredning med årepose og cowboyredning. Ivrige damer og bra innsats. Svømming med kajakk opp ned, kameratredning, balansering i kajakk, diverse trening på framdriftstak, sveiptak og sideforflyttning. Utruleg kor mykje ein kan rekke på ein kveld!

Kanskje vert det fleire kveldar med desse aktivitetane? 

Bassengkveld for jentene!

lagt inn 10:55 14. des. 2011 av Lars-Bjarte Osland

Torsdag 15. desmber klokka 1830-2100 er det eigen bassengtrening for jentene i bassenget på Breim. Det einaste du treng er badeklede, klubben har alt kajakkar liggande klare i bassenget. Her er det berre å møte opp uansett niva! Er du nygerrig på korleis det er å sitte i ein kajakk? Eller vil du prøve deg på eigenredning? Elsa Margrethe Larsen 91305361 er padleansvarleg. 

PS lurt med naseklype eller dykkermaske, og det er påbudt med badehette i bassenget!

1-10 of 60