Arkiv

Kurs 2012

Padleklubben arrangerer følgjande kurs. Det vert sett opp eigne kursdatoar, men vi kan og arrangere kurs på bestilling. Det må minst vere 2 deltakarar på introkurs. På grunnkurs og teknikk kurs bør det vere 4 personar eller meir. Ta kontakt med leiar Else Margrethe Larsen 913 05 361.
Nederst på sida kan du laste ned og skrive ut kursplakaten!
Introduksjonskurs 3 timar:

Torsdag 7 juni. Instruktør og påmelding Jarle Birkeland. 917 45 783

Kurs kr 600 inklusiv leige av kajakk.  

 

Her lærer du grunnleggande ferdigheiter som korleis komme seg ut og inn av kajakken, enkel padleteknikk, og grunnleggande tryggleik ved padling. Her kan du sjå kva du treng å ha med på kurset: Pakkeliste til introkurs. Vi kjem til å halde fleire kurs utover året i samarbeid med Nordfjrod Folkehøgskule. Ta kontakt med skulen for påmelding tlf 57 86 80 40.  

 

 

Nybegynnarkurs 16 timar:

Laurdag 12.-13. mai. Instruktør og påmelding Kjell Thue: 402 27 855

Laurdag 16.-17. juni. Instruktør og påmelding Rolf Tennebø 918 45 537

Kurs kr 1500  Leige av kajakk kr 400,- / 200 for medlemar

 

Her får du god innføring i padleteknikk, sikker ferdsel på sjøen, og lære korleis ein kan nytte kajakken til lengre turar. Den eine dagen vert lagt opp som ein tur. Meir informasjon om kursinnhald finn du her: http://www.padling.no/t2.asp?p=56252 Liste over kva du treng å ha med deg finn du her: Pakkliste

 

 

Teknikk kurs 16 timar.

Laurdag 2.-3. juni. Instruktør og påmelding Lars-Bjarte Osland 990 03 077

Kurs kr 1 500.

 

Dette er kurs for dei som har tatt eit av kursa over tidlegare. Her får ein lære god padleteknikk, rask manøvrering av kajakk sidelengs, sving og korleis ein padlar under ulike forhold som t.d i bølgje.  Ein lærer og ulike måtar å redde andre kajakk padlarar på, og vert introdusert til kajakk rulla. Innhald i kurset: http://www.padling.no/t2.asp?p=56253  Pakkliste til kurset Pakklister

 

 

 

Andre kurs og turar:

Vi i Gloppen Padleklubb har mange instruktørar, og vi arrangerar kurs etter førespurnad. Saml nokre vener og meld dykk på! Eller du kan sette deg opp på venteliste til kommande kurs.  Ta kontakt med leiar Else Margrethe Larsen 913 05 361.

 

Aktivitetsleiarkurs

Kurset er for dei som vil verte aktivitetsleiarar og holde grunnkurs og introkurs for andre. Før du kan ta aktivitetsleiarkurset må du ha tatt teknikk kurset og padla helst ein sesong etter dette. Ein skal ha 10 loggførte turar før kurset. 

På kurset lærer ein å ha ansvaret for ei gruppe. Ein trenar på kritiske situasjonar der du må redde deg sjølv eller andre. Du får og trene deg på å instruere andre i gruppa. 

På kurset må ein ha hjelm, slepeline, pumpe, flotør, og klede til å vere i vatnet med.

Kontakt veiledar Lars-Bjarte for meir kursinformajson eller påmelding. Det må vere minst 4 påkurset. 


 

Vidaregåande kurs og veiledarkurs

Desse kursa vert arrangert av padleforbundet. Sjå deira nettsider. Norges Padleforbund sine kurssider

Č
Ċ
ď
Lars-Bjarte Osland,
00:54 7. mai 2012