Arkiv

Kajakkutleige

Vi har no 7 havkajakkar og 3 elevekajakkar til utleige:
1 Boreal Design Inuksuk. Stor kajakk med ror, passar store personar og for langturar med mykje last
2 Riot Brittany. Leikne kajakkar som passar middels personar. Senkekjøl
2 Boreal Design Baffin. Leikne kajkkar som passar dei fleste, men kan opplevast litt trang for dei aller største. Senkekjøl
2 Boreal Design Baffin C1. Mindre utgaver av kajakkane over. Veldig kjekke for mindre personar.
3 Eski elvekajakkar. Flatbotna elvekajakkar.
 
Utleige skjer via Statoil. Her får ein nøkkel til naustet og kvitterar ut for det ein leiger. På Statoil ligg det og giro der det står kor mykje ein skal betale. Elles betalar ein inn takstane under til klubben sin konto. Hugs å skrive kva beløpet gjeld og kven som betalar.  Dei som leiger skal ha våttkort eller tilsvarande kurs. Klubben kan holde kurs på kort varsel dersom du ikkje har våttkort (sjå under kurs).
 
Hugs at kajakkane skal vere reingjort når dei vert levert inn igjen. Ta eit handklede og tørk over kajakken så får du vekk det meste av sand og salt!
 
Leigetakstar:
Leige tysdagspadling :             50 kr
Leige dag medlem                 100 kr
Leige dag ikkje medlem:         200 kr
Leige helg medlem                 200 kr
Leige helg ikkje medlem         400 kr.
For leige over lengre periodar ringer ein og avtalar med leiar:Ta kontakt med leiar Else Margrethe Larsen 913 05 361.