|
Kom og opplev ein av Danmarks største friluftsprofilar Erik B Jørgensen. Han har gjennomført fleire ekspedisjonar og gitt ut to bøker frå turane sine, og han er i ferd med å skrive si tredje. Han skal halde foredrag med utgangspunkt i den siste turen sin i fjor som varte i heile 175 dagar og gjekk frå Grense Jakops Elv i Nord til grensa mellom Finland og Russland. Etter foredraget vil det vere mulighet for å vere sosial i foajenn i Trivselshagen. Her vert det stands med informasjon om klubben, bileter, mulighet til å treffe Erik, kajakkstands med ulike kajakkar og aktivitetar.
Arrangementet er i regi av Nordfjord Folkehøgskule og Gloppen Padleklubb For å finne ut meir om Erik sine turar, kan de sjekke ut nettisda hans her: http://komud.dk/ |
